Denna helgje va da klart fø Vossa Jazz igjen. Eg ska ikkje skryta på meg å ha vore ein stor “jazzgåar” tidliegare, men i år passa da bra, so eg kjøpte meg eit “huskort” på Park fø fredags kvelden. På programmet stod Ingrid Olava, Motorpsycho og Supersilent og te slutt dei rappkjefta sunnmøringane Side Brok.
Ingrid Olava va fyste artist ut. Da blei ein flott konsert. Damo har ikkje berre ei nydeli stemma, men som eg høyrte da vart sagt av fleire både mannlege og kvinnlege oppmøtte var ho i tillegg ” so søt å sjå på óg”. Eg stod relativt langt bak i lokalé, men når eg mysté litt so såg eg jaggu da eg óg. Med seg hadde ho eit dyktig band som gjorde da te ein flott opplevelse sjølv om du blunda att og berre høyrte på musikken.
Motorpsycho & Supersilent var neste ut. Dei satsa mykje på totalopplevinga med diverse visuelle effekta på scenen. Musikken kan ette mi meining beskrivast som rytmisk kaos der artistane tidvis kjempa med- og tidvis sprang frå sine indre demona. Da fønka fø meg:)
Side Brok avslutta kvelden med ein knallkonsert. Mykje energi og god kontakt med publikum. Dei var heile 10 personar på den vetle scenen! Rappkjefta sunnmøringar kombinert med trommer, blåse- og tangentinstrument laga stor stemning!
Lørdag var da Ekstremjazz på Hanguren. Mange møtte opp både med og uten ski te denna utendørskonserten med ei unik visuell ramma!
Jon Gjerde flaug hang-glideren sin som om han va styrt med fjernkontroll ette musikken. Bjørn Magne Bryn swoopa i stor fart øve publikum og jibbara,speedridara og paraglidara fyllte luftrommé rundt artistane og dei oppmøtte.
Eg avslutter med eit sitat av Nils Faarlund og lar bildene sei resten: “Naturen er kulturens hjem”
Takk te Vossa Jazz!








