Oppdatering 08.02.2009. Elever på Ski og Elv kan etter endt skoleår få (om de ønsker) utskrevet NPF Våttkort med godkjent Nybegynner- og Sikkerhetskurs Elv.
AT 08.02.2009
Oppdatering 03.02.2009. Søknadene har begynt å strømme på til skolen (over 100stk totalt per 3/2!) Fem personer har nå fått tilbud om plass på Ski og Elv og flere søknader er under behandling. Følg med videre for oppdateringer eller les litt om hvordan jeg definerer ordet frisport her.
AT 03.02.2009
Høsten 09 starter jeg linja ” Ski og Elv“ på Voss Folkehøgskule. Her følger teksten jeg har liggende på skolens hjemmesider:
Buldring, ski og elvepadling er for mange ein livstil,ein leik som gjer meining. Ynskjer du å finne ei kjelde til stadig mestring,glede, flyt og harmoni? Å utfordre deg sjølv både mentalt og fysisk?

Eit år der vi gjer kvardagen om til eit eventyr. Med breie ski og kajakk vil vi leike i snø og elv. Med enkel oppakning vil vi lære oss sjølv å kjenne som menneske i naturen. Vi vil oppnå forståelse og respekt for elementa. Med poweryoga og slakk line vil vi styrke kropp og sinn.
Vi vil få bruk for både styrke, fleksibilitet og balanse når vi tek fatt på elvepadling, skikøyring og buldring. Dei same aktivitetane kan og gjere oss betre kjent med oss sjølv og våre eigne grenser.
Linja vil gje deg flotte opplevingar som ikkje berre styrker kroppen, men også kan gje deg eit vidare syn på kvardagen. Du vil få kunnskap om korleis få meir ut av dagane gjennom fysisk aktivitet i naturlege element, godt kosthald og god mental hygiene.
Aktivitetane på Ski og elv:
Vi fylgjer årstidenes gang:
Gjennom sesongen valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling. Du vil få lære eskimorulle, padleteknikk, teknikkar for sikker padling og redning. Seinhaustes reiser vi til vakre Alversund i Lindås for å padle havkajakk i vestlandsfjordar. Til vinteren blir det graving i snø, og sjølvsagt skikøyring i fjell og anlegg.
Ofte vil vi kombinere aktivitetane med overnatting ute.
Linja vil gje deg flotte opplevingar som styrker heile kroppen og opnar for eit vidare syn på kvardagen. Korleis få meir ut av dagane ved fysisk aktivitet i naturen, godt kosthald og mental hygiene.
Her kan du lese meir om hovedaktivitetane på linja:
Elvepadling:

Entusiastar buset seg på Voss pga dei flotte elvene. Du får lære å nytte elva sine krefter til å ta deg dit du vil, gjennom bølgjer, valser og kanskje ein foss!
Vi vil bruke tid på å forstå linjevalg, korleis setje opp sikring og ta oss seg trygt ned ei elv.
Elvepadling er eit dynamisk samspel mellom deg og elva som utfordrar og utviklar fleire sider ved deg.
Vi vil boltre oss i elvene på Voss ei veke haust og ei veke vår.
Synfaring:
Synfaring er ein morsom og annleis måte å gå tur på, men og ein sentral del av elvepadlinga. Synfaring fører oss bort frå dei vanlege stiane, og vi får sett på nye elver som kanskje ein dag kan padlast. Vi trener oss i bruk av kart og kompass.Kanskje vil vi og få bruk for klatre\buldrekompetansen?
Rundt bålet om kvelden vil vi få diskutert opplevingane våre.

Buldring:
Det engelske ordet boulder betyr stor stein. Buldring er klatring i sin reinaste form. Basic utstyr er klatresko og kalkpose. Området rundt Voss har fleire gode buldrefelt. Vi nyttar dei naturlege linjene til å klatre opp og rundt på store steinar. Buldring er ein løysingsorientert sport som krev konsentrasjon og fokus. Å vere smidig og ha balanse kjem godt med. Aktiviteten innbyr til hyppige pausar med kaffi og refleksjon.
Vi tar med telt, kaffikokar og god mat.
Havkajakk:
Ei veke i Alversund i Lindås. Å oppleve vestlandet frå kajakken. Gli roleg fram på sjøen utan støy frå motoren i eit område med rikt fugleliv, smale sund, øyer og viker og små sandstrender. Vi overnattar i lavo, det blir bålkos, fisking, linegåing og buldring. Vi har tilgang til toalett og dusj på bruket.

Topptur:
Kven seier vi ikkje kan leike og lære samtidig?
Vi skal ut og stå på ski i urørt snø, øve og ha det moro. Vossafjella byr på flotte nedkjøyringar på alle nivå. Kunnskap om snø og snøskred skal setjast ut i livet. Gruppedynamikk og gruppeavgjerdsler. Vi øver på trygge linjeval på både opp og nedtur.
Skredkurs:
Kva er eigentleg snø og kvifor er den potensielt farleg når vi er på ski? Det blir nokre økter med teori, deretter vil vi ut og studere snøen. Vi går gjennom søkemønster, bruk av S\M og effektiv graving. Vi vil og setje fokus på menneskelege faktorar. Vi ynskjer at elevane skal bli medvitne på korleis ein bør tenkje og handleunder ulike forhold, for slik å unngå å hamne i skumle situasjonar. Snøen er ikkje farleg i seg sjølv. Våre umedvitne handlingar kan vere det.

Poweryoga og slakk line:
Vi startar året med eit kurs i poweryoga, ein dynamisk type yoga som utviklar styrke og smidigheit via flyt, pust, fokus, og balanse. Ein sentral tanke er at kroppen må byggjast opp gradvis, eit steg om gangen. Ein naturleg start når vi skal lære noko vi kan ha med oss resten av livet.
Ein annan måte å trene balanse på til elvepadling, buldring, er å gå på slakk line. Lina er lita og lett, vi vil ha den med på turane våre.
Ernæring:
Etter alle desse aktivitetane er det kjekt å vite kva næring som trengst for å styrke og bygge oppatt kroppen. Hjernen skal ha sitt: Rett næring vil gjere deg meir vaken og klår, du hugsar og lærer lettare. Kvifor er spesifikk næring god for musklar og hjerne? Korleis skal vi få i oss slik mat på tur?
Videoredigering:
Buldring er berre ein av dei aktivitetane som gjer seg godt på film. Det er kjekt å sjå seg sjølv i aksjon men vi kan og lære av det.
Personlege løysingar kan studerast nærmare og hjelpe oss å utvikle teknikken. Når haustmørket trugar og dagane kan følast tunge tar vi fram dette materialet.
Slikt kan det bli flotte kortfilmar av.
Haust, sein haust, vinter og vår, -oversikt:
Haust: Basisfriluftsliv, elvepadling, synfaring, buldring/klatring, poweryoga, slakk-line, filming og ernæring.
Sein haust: Havkajakk, teori, ernæring, førstehjelp, slakk-line, videoredigering og poweryoga.
Vinter: Vinterfriluftssport, topptur, skredlære, førstehjelp og videoredigering.
Vår: Elvepadling, synfaring, vårskiturar, buldring og slakk-line.




Dette virker veldig intressant for en som sikler etter et pause år fra den regulare undervisningen.
Kul post
Men det med elvepadlingen ser litt skummelt ut. Her er sikkert et dumt spørsmål, men er elvene dere skal padle i veldig store?
Det fine med Voss er at det er lett å finne alternativer selv om elvene skulle bli flomstore. Det er alltid en strekning det er mulg å padle, selv som nybegynner.
ser jævla fint ut detta her arild. 100 søkarar! har ikkje ana ord enn strøkent! treng du ein naturfilosof med ein raudvin i koppen kjem eg traskans ein tur.