Kategorier: | Elv

Kald padling i Øvre Jordalen

“Eit lite, kaldt padle-eventyr”, av Dag Sandvik.

Ein fager sumardag i juni, tre karer, ei elv og ein bonde. Elva brusa, to kara padla, ein tok bilete og alle var i dialog med bonden i etterkant. Det var den andre juni at Arild, Sven O og Dag la i veg for å freiste lukka i Jordalen. Tidleg vart det klart at berre to av dei skulle komme seg heilskinna ned elva. Av den enkle grunn at siste mann vart verande på land.

“Detta e faen meg ikkje noe for meg! Eg ser jo ikkje ein gong kor ein skal padla..”, sa Sven O med ein lett frustrasjon i stemma. Arild og Dag trakk på skuldrene og prøvde seg med noen: “du kan jo alltids bera litt…” og tok på seg det som skulle vise seg å vere for lite klede. Jordalen var kald som f.., vinden var sur som fy og sola forsvant fort som h…. Sjølv om både ein og to boofar og tre og fire sneskne skråvalser fekk blodstraumen til å bruse med vårkåt fart, så var det ikkje lenge før Arild sa: “Eg boofe i midten krysser til høgre og hoppar på land.” “Hæ! Padle til høgre??”. Dag var lett forvirra og på veg mot ei steinrøys, til høgre, som det lukta lett svidd av. “Nei! Eg er kald og stikk på land på høgre. Og det bør tydeligvis du og”, sa Arild. “Hm…jaaa”, kom det frå Dag.

Han tenkte eigentleg nei. Rett nedanfor neste bru låg eit stryk som frista nesten like mykje som fossen dei begge hadde fått luft i. Stryket frista også meir enn det som hadde sendt Dag utfor baklengs i skam, ventande på Arild som skulle vise at “slik gjer ein det!” Som tenkt, så gjort og Dag reiste kjerringa(?) i stryket under brua til velkjende nikk frå dei to venene. Kva så med bonden? Tenker kanskje du. Han var venleg og grei og sa me burde be våre padlevener om å fare varsamt fram med innmarka hans. “Alle veit at ein ikkje skal tråkke i salaten, men få tenker på graset til sauen.”

Slik såg det ut:

Alle bilder av SO Moseid

at11

Arild mot ein kald spyling

dag22

Dag i samme sklia

dagklc3a6ss

Dag´s “hangtime”

atklc3a6ss1

“Arild på veg mot sjølve defininsjonen på horisontal paddeflat landing” sitat Dag.

dagrocksplat1

Dag prøver seg på en god gammel rocksplat?

dagbaklengs

Baklengsboof?

atinngang

“Sjå no Dag”

atmidten

” Ser du?”

atbotn

“åsso få med deg røve øve valso te slutt, e du med?”

atlitenboof

Arild, midten omt høgre…

dagbcf

Mot høgre? off…

dagvalse1

Dag unter die Brücke..

dagslutt

Dag exit

One Response to “Kald padling i Øvre Jordalen”

  1. ET says:

    Morsom lesing og flotte bilder Dag. Tørr eg utfordre til video opptak neste gong? ;-)

Leave a Reply