Arild Tvilde utdannet Ernæringsterapaut ved Tunsberg Medesinske

Litt informasjon

Under utdanning i idrett og friluftsliv i Sogndal vart kronisk biholebetennelse, dårleg mage og allergi eit større problem enn tidlegare og tilfeldigvis kjøpte eg ei bok om kosthold og helse. Det blei slutten på problema og antibiotikakurar, og starten på meir utdanning innan ernæring. Først “Ernæring og helse”, ved sjukepleiaravdelinga i Førde. Deretter førte eiga erfaring og litteratur meg til Ernæringsterapi ved TMS Tunsberg Medesinske Skole.

Eg utviklar og held også kurs og foredrag for Folkeuniversitetet, skular, barnehagar og idrettslag eller privat.

Sjekk lokalt i ditt fylke

Finn lokale behandlere og veiledere utdannet ved Tunsberg

Tjenester

Veiledning, kurs og foredrag


Eg samanliknar gjerne ernæringsterapi med fjellklatring. Sjølv om det er mange gode råd å få på korleis ein skal klare ei klatrerute og dei grunnleggande bevegelsane og teknikkane er dei same, er det til slutt du med ditt utgangspunkt og dine føresetnader som må gjennomføra ruta på din måte. Det er forskjell på gjennomføring av ei klatrerute for ein person på 195 cm og ein på 165cm, dei når til dømes ikkje dei same taka. Råda må stemme med dine føresetnader skal dei hjelpe.

Slik er det med ernæring også, som art har evolusjon, historie og forsking vist oss det grunnleggande for eit godt kosthold, men me har individuelle forskjellar. Kjem du til meg for ernæringsterapi vil biokjemisk og fysiologisk individualitet verta tatt høgde for, og råd blir gitt deretter. "Det som er mat for ein, kan vere som sterkt gift for ein annan” sa den romerske filosofen Titus Lucretius Carus (96-55 f. Kr.). Eit over 2000 år gamalt sitat, kanskje meir aktuelt enn nokon gong.

Frå eit evolusjonært og individuelt perspektiv vil du få verktøy og kunnskap til å velje den beste maten for deg, og korleis velje den i livets mange situasjonar.

Eg nyttar samtale, analyseskjema og testar for å finne tiltak for betring, og samarbeider gjerne med fastlegar om prøveresultat og tiltak. Det vert vektlegt at tiltaka skal vere gjennomførbare og ikkje påføre unødige tilleggsbelastningar psykisk, psykososialt eller økonomisk.

Å finne vegen tilbake til god helse kan vere ein “detektivjobb” , men med mange gode løysingar i kosten. Det er dette eg jobbar med saman med deg. Det er igjen som med fjellklatringa; ein må yta for å nyta, og min jobb er å yta med deg.

Utdanninger ved Tunsberg: Ernæringsterapeut TMS, Naturmedisinsk grunnutdanning (student), Grunnmedisin (student)

Jobbar på Ekstremsportlinja på Voss Folkehøgskule.

Medlem organisasjon: Naturmedisinsk ernæringsterapeut MNNH

Tek konsultasjonar 1 dag per veke. Er også tilgjengeleg hjå Årdal Fysioterapi. Ta kontakt på epost for å finne eit tidspunkt som passar. Timebestilling på nett vert tilgjengeleg om litt.

Kontakt Informasjon

Adresse: Tvilde Ernæring - Arild Tvilde Vangsgata 50, 5700 Voss - Norway
Mob: (047) 95 52 09 85
E-mail: a.tvilde(a)gmail.com
Skype: arildtvilde